Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habilitering barn og ungdom SNR

Habilitering av barn og unge ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er eit av Helse Møre og Romsdal HF sine to habiliteringstilbod for personar mellom 0 - 18 år. Habilitering er målretta arbeid for å byggje opp og støtte funksjonar, samspel, livskvalitet og deltaking hos barn som er født med funksjonshemming eller som blir funksjonshemma før fylte 18 år. Også andre barn og unge med behov for tverrfagleg habiliteringsteneste kan få tilbod hos oss.

Habiliteringsarbeid er basert på at fleire fagpersonar arbeider saman. I tenesta arbeider ergoterapeut, fysioterapeut, lege, pedagog, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Alle som er i kontakt med oss får ein eigen kontaktperson/koordinator ved tenesta.

Dette er dei tre viktigaste arbeidsområda for tenesta:

  • Utgreiing og diagnostisering av barn og ungdom i aldersgruppa 0 - 18 år for aktuelle problemstillingar.
  • Rettleiing og råd til tiltak rundt barnet/ungdomen.
  • Kurs/opplæring for foreldre og fagpersonar i kommunane.

 

Informasjonshefte om Down syndrom.

 

 

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Habilitering barn og unge SNR
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. 

Noko av drifta er framleis i Sykehusgata 2, eit eige bygg, saman med BUP, like ved Kristiansund sjukehus. Pasientar som skal møte her får eigen informasjon i innkalling til time. 

    Kurs og møter