Klinikk for psykisk helse og rus
Tidleg og rask hjelp er eit godt utgangspunkt for å gjenvinne oversikt og kontroll over livet! Klinikken har ansvaret for psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengigheit (TSB) og spesialisert habilteringsteneste for vaksne i Helse Møre og Romsdal. Behandlingstilbodet blir gitt ved våre distriktspsykiatriske senter (DPS), poliklinikkar og døgntilbod for barn og ungdom, rusinstitusjonar og dei fire sjukehusa. Poliklinisk konsultasjon er den vanlegaste behandlinga, både innanfor psykisk helsevern, TSB og habilitering, men nokre gonger er innlegging nødvendig. Det finst også dagbehandling og ambulant (oppsøkjande) behandling. Telefonnummer til forløpskoordinator pakkeforløp finn du på sida til den enkelte seksjon.