Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ultralydundersøking

Ultralydundersøking blir gjord for å stille diagnose, kartlegge utbreiing av ein sjukdom eller for å vurdere effekten av ei behandling. Bruk av ultralyd er ikkje skadeleg for kroppen.

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer ulike vev i kroppen, blir litt av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden blir fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene blir omdanna til bilde i ultralydmaskina.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg til betre eigna radiologisk undersøking, for eksempel til bildeundersøkingar (MR, CT eller røntgen).

Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
     Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast".

  • Er pasienten gravid må ein opplyse om det.

  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi dette i tilvisinga. Samt kva språk pasienten snakkar.

  • Tilvisinga må innehalde:
     - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker undersøkt.

Før

Førebuingane til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva du skal undersøke.

  • Ved undersøking av mageregionen skal du ikkje ete mat eller drikke dei siste 4 timane før undersøkinga. Du skal heller ikkje tygge tyggegummi eller ete pastillar. Er du avhengig av medisinar, skal du ta desse som vanleg med lite vatn.
  • Ved undersøking av urinblæra skal du drikke rikeleg i forkant og møte med full urinblære.
  • For andre ultralydundersøkingar er det ingen førebuingar.

Du får informasjon om nødvendige førebuingar i innkallingsbrevet du får i forkant av undersøkinga.

Frammøte

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.  

Under

Vanlegvis utfører vi undersøkinga mens du ligg på ein benk. Du må vere avkledd på det området vi skal undersøke. For å kunne lage bilde må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Derfor bruker vi alltid ein kontaktgelé på huda. Du kan ofte føle at det blir litt kaldt med ein gong. Vi bevegar lydhovudet fram og tilbake i det aktuelle området og det blir tatt ei rekke bilde.

Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan kjennast litt ubehageleg, spesielt om du allereie har smerter eller er ømme i området.

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Du får lagt inn eit lite plastrøyr i ei blodåre (venekanyle) i olbogen eller på handbaken. Venekanylen blir fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurd om du har alvorleg hjartesjukdom. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivleik i eit organ, for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3–5 minutt og har ingen biverknader.

Undersøkinga tar 10–30 minutt avhengig av kva som blir undersøkt.  

Etter

Pasientar som er innlagde på sjukehuset kan dra tilbake til avdelinga. Andre kan reise heim etter undersøkinga.

Ved ultralydundersøking der kontrast blir sett i blodåra di, ber vi deg vente på avdelinga ei lita stund etter undersøkinga.

Somme gonger kan den som undersøker deg gi svar direkte, men oftast vil du få svar frå den legen som viste deg til undersøkinga. Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svaret neste dag.

Ver merksam

Ultralydundersøkinga medfører ingen komplikasjonar.

Kontakt