We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Arteriell blodgass

Arteriell blodgass er ein blodprøve som blir brukt til å vurdere lungefunksjonen og balansen mellom oksygen og kulldioksid i blodet. Denne typen blodprøve er litt spesiell fordi vi må ta blod frå ei arterie (pulsåre). Oftast tek vi blodprøven frå pulsåra som ligg i handleddet.

Før

Blodprøve av arteriell blodgass treng inga førebuing.

Under

Legen vil først kjenner med to fingrar på undersida av handleddet ditt for å finne pulsslaga dine. Deretter blir nåla stukken inn i pulsåra og sprøyta blir fylt med blod. Etterpå fjernar vi nåla og du får eit kompresjonsplaster på stikkstaden.

Etter

I enkelte tilfelle kan det ta litt tid før det sluttar å blø. Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar. Då vil lege/sjukepleiar halde ein kompresjon over stikkstaden til blødinga stoppar.

Ver merksam

Det er sjeldan risikoforhold og komplikasjonar ved denne undersøkinga, men blødingar kan førekome. Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar.

Kontakt

  • Kontakt Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund

    Oppmøtestad

    Undersøkinga blir utført av lege på sengepost.

    Opningstider

    Barn under 10 år må kome før kl. 15:00.
    • I dag 7:30 AM - 8:00 PM
  • Kontakt Medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset

    Oppmøtestad

    Undersøkinga blir utført av lege på sengepost.

    • I dag 7:30 AM - 3:15 PM
  • Kontakt Medisinsk biokjemi og blodbank Volda

    Oppmøtestad

    Undersøkinga blir utført av lege på sengepost.

    Opningstider

    • I dag 8:00 AM - 2:45 PM
  • Kontakt Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund

    Oppmøtestad

    Undersøkinga blir utført av lege på sengepost.

    Adresse

    Opningstider
    • I dag 7:45 AM - 2:45 PM