Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 50 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 9 LIS1, 11 LIS 2/3 og 13 overlegar. Vi tar imot all indremedisin på vakt og har polikliniske behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, diabetes, hematologi/onkologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning. Tilstedevakt for LIS1 og LIS 2/3, heimebasert vakt på natt for overlegar.
Akuttmottak med 5 mottaksrom. Akutt 12 er observasjonspost tilknytta akuttmottaket med 3 senger som opna i 2022 med opningstid frå kl. 9 til 21. Det er ordinær sengepost med 30 senger og felles intensivavdeling med 4 medisinske senger.