Vi dekker behandlingstilbodet innen ØNH for befolkninga på Sunnmøre og har eit nedslagsfelt på om lag 150 000. Dette er den største og mest komplette av dei to ØNH-seksjonane i foretaket. Vi har no 5 overlegestillingar og 4 LIS-stillingar. Det døgnkontinuerleg vakt der LIS går 4-delt forvakt med heimevakt og overlegane går 5-delt bakvakt, også med heimevakt. Ved hørselsentralen er det tilsett 7 audiografar og vi har og ei eiga audiopedagogisk ening med totalt 7 tilsette audiopedagogar og andre Vi har med dette stor kompetanse innen barneaudiologi. Ålesund Sjukehus har også den einaste barneavdelinga med nyføddintensiv i fylket som har kompetanse for behandling av nyfødde ned til veke 26. ØNH har støttefunksjon for desse pasientane. I tillegg har Ålesund eiga kreftavdeling med sengepost og stråleterapieining der vi bidreg i behandling av pasienter med kreftsjukdom i hovud-/halsregionen.
Det kirurgiske tilbodet vårt dekker alle delar av faget som ikkje er sentralisert til universitetssjukehus, herunder nese-bihulekirurgi, mellomørekirurgi, blautkirurgi, laryngologi, plastisk kirurgi og laserkirurgi. Kirurgisk behandling av nyfødde og barn under 1 år er sentralisert til oss.