Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Ålesund sjukehus
Vi har 14 overleger i fast stilling der noen har kombinasjonsstillinger med bl a forskning og utdanning. Vi har for tiden 9 LIS-stillingar med dag- og nattevakter i ukedager og døgnvakt i helgene. Overlegane har 11-delt vaktordning med heimevakt fra kl 21.00. Vi har og forvaktssjikt med LIS1.
Minstetid for utdanning i ortopedi er 5 år som LIS3 og varigheit er avhengig av oppnådd kompetanse og godkjende læringsmål. Det er krav om 6 månader fordjuping ved høgspesialisert sjukehus innan eit av følgjande felt: traumetologe, kne- eller hofteprotesekirurgi, artroskopisk kne- eller skulderkirurgi, fot/ankelkirurgi, handkirurgi, ryggkirurgi eller barneortopedi. Avdelinga har som norm spesialiseringstid på 18 månader, og det ligg føre samarbeidsavtale med St. Olavs hospital og Oslo universitetssjukehus om dette. LIS kan sjølv organisere spesialisering ved anna sjukehus om det er ønskeleg.
Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS dei første dagane for å gjere deg kjend med sjukehuset, rutiner ved avdelingen og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på alle læringsarenaer; poliklinikken, akuttmottaket, operasjonsavdelingen og sengeposten. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig.
Vi har 2 undervisningstimar med internundervising kvar onsdag og torsdag. Både LIS og overlegar bidreg med undervisning på lik linje og på onsdagar er det fellesundervising via Ullevål på nett. Vi har og jamleg kollokvie for LIS med overlegane i dei forskjellige fagfelta. LIS skal delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter dekkast av DNLF utdanningsfond III eller av arbeidgiver.
Avdelinga har ein utdanningsansvarleg overlege som skal legge til rette for gode læringsmoglegheiter for å kunne nå læringsmåla innanfor normert LIS-tid.
Vi har høg forskingsaktivitet på avdelinga og har som mål å legge til rette for deg som ønsker å jobbe med forsking i tillegg til klinisk arbeid. Vi har 4 legar med PhD, og 1 lege i PhD-løp. Vi jobbar med spennande prosjekt ved avdelinga, og vi har ein biomekanisk lab i samarbeid med NTNU.
Vi har eit utdanningsutval som har ansvar for å planlegge og koordinere utdanningsverksemda på avdelinga og utgjerast av utdanningsansvarleg overlege (UAO) og ein LIS. Utvalet skal sørge godkjent utdanningsplan, undervisningsprogram og oppnevning av fast rettleiar til kvar LIS. Vi har som mål å utdanne dyktige ortopedar ved vår avdeling og jobber stadig med å forbetre forholda og tilretteleggje for dette.
Vi har eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som vil forsøke å ivareta dine rettigheter og interesser på en best mogleg måte. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Jane Indrevåg, utdanningsansvarleg overlege
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.