Kirurgisk avdeling er ei felles kirurgisk og ortopedisk avdeling, men med atskilte einingar innad i avdeliga. Den blautkirurgiske eininga er useksjonert, men vi arbeider likevel berre med våre eigne pasientgrupper. I tillegg til urologisk pasienttilbod, har vi og eit stort gastrokirurgisk miljø og generellkirurgisk tilbod til befolkninga på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 6 LIS-legar til saman for kirurgi og ortopedi som deler eit vaktsjikt. Det eigen ortopedisk og blautkirurgisk bakvakt. Urolog deltek ikkje i bakvaktsordninga, men har beredskapsvakt for inneliggande og opererte pasientar.
Seksjonen er liten og vi har ein fast tilsett overlege, i tillegg til ein fast vikar i ei lita deltidsstilling. Det er likevel høg aktivitet med godt tilbod av kvardagsurologi til pasientane våre i form av poliklinisk utredning og behandling, dagkirurgisk behandling og operasjonar for inneliggande pasientar. Det er om lag 1650 polikliniske konsultasjoner kvart år, 100 transurologiske inngrep og 100 dagkirurgiske inngrep. Vi har moderne utstyr til endourologi, fleksibelt cystoskop og nytt ultralydapparat. Elles eldre utstyr til steinknusing i ureter. Vi har for tida ingen LIS-lege som skal bli urolog, men det ønsker vi oss! LIS-legane på avdelinga er med på urologisk pasientbehandling for å kunne få oppfylt læringsmål i del 2 felles kirurgi.