Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Blodgiving

Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ein ikkje framstille det kunstig – det må bli gitt. Blodet blir brukt til mange type pasientar og behandlingar, for eksempel ved kreftbehandling, operasjonar, ulykker, svangerskap og fødsel. Det finst inga erstatning for blod og mange pasientar er derfor heilt avhengige av at nokon gir blod.

Hovudregelen er at alle friske menneske over 18 år kan melde seg som blodgivar. Du kan gi blod inntil fire gongar i året.

Du må rekne med å bruke om lag ein halvtime når du skal gi blod, inkludert førebuing, tapping og kvile.

Du kan når som helst i heile prosessen stille spørsmål dersom du lurer på noko. Personalet har teieplikt.

Blodgiving skal ifølge blodforeskriften vere frivillig og vederlagsfritt.

Tilvising og vurdering

Du treng ikkje tilvising for å gi blod. Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankar/tappestasjonar i Noreg ved å registrere deg på nettsida GiBlod.no. Du kan også melde deg som blodgivar direkte til din blodbank.
Gå til GiBlod for å melde deg som blodgivar

Før

Under

Etter

Ver merksam

Melder frå til blodbanken dersom du opplev ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving. 

Kontakt

  • Kontakt Blodbanken Ålesund

    Oppmøtestad

    Blodbanken finn du i 1. etasje. Følg skilting til Blodbanken/blodgiving.

    Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

     

    Opningstider

    Kveldstapping etter avtale.
    • I dag 07:15 - 13:00
  • Kontakt Blodbanken SNR Hjelset

    Oppmøtestad

    Blodbanken på Hjelset finn du i 4. etasje i C-fløya. Følg skilting til blodbanken. 

    Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar på gjesteparkeringa nærast hovudingangen. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

    Opningstider

    Opningstider for tapping (langope ein torsdag i månaden, kl. 10:00 til 17:00, etter avtale)
    • I dag 07:30 - 14:30
  • Kontakt Blodbanken Volda

    Oppmøtestad

    Laboratoriet finn du i 1. etasje. Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

    Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

    Opningstider

    • I dag 08:00 - 15:00
  • Kontakt Blodbanken SNR Kristiansund

    Oppmøtestad

    Blodbanken finn du i 2. etasje (plan 1). Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

    Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

     

    Opningstider

    Opningstider for tapping (kveldstapping etter avtale)
    • I dag 08:00 - 14:00