Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

EEG

EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking som registrerar elektrisk aktivitet/signal i hjernen. Dette gjer vi ved hjelp av elektrodar som er festa på hovudet. Signala blir bearbeida og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Under undersøkinga gjer vi eit videoopptak av deg. EEG er heilt smertefritt.

Før

Det er viktig at du et før du kjem til undersøkinga. Ta faste medisinar som vanleg. Gi beskjed til EEG-tekniker om kva medisinar du har tatt før registreringa startar.

Håret bør vere reint for olje, hårspray, hårvoks og liknande. Du kan ta med deg lue eller anna hovudplagg, i tilfelle du ikkje får vaska håret på sjukehuset etter undersøkinga. Håret kan bli noko vått og klissete når vi vaskar bort elektrodepastaen.


Under

Vi festar elektrodepasta til hovudbotnen på bestemte stader. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Det er som oftast 23-30 elektrodar tilsaman.

Du ligg på ei seng under registreringa. Det er viktig at du ligg roleg og avslappa under undersøkinga, då registreringa blir forstyrra av uro. Sjølve registreringa tar cirka 20 minutter, men totalt må du rekne med rundt 1 time til heile undersøkinga.

Undervegs i registreringa er det vanleg å framkalle spesielle former for hjerneaktivitet ved at du puster djupt i tre til fem minutter, og at du blir stimulert av serier med lysglimt.

Små barn kan sitte på fanget under undersøkinga og lese bok, bruke mobil eller nettbrett eller liknande. Vi har bøker og nokre leiker til barn på avdelinga, men ta gjerne med noko heimafrå som de veit at barnet liker å halde på med.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Etter

Legen eller avdelinga som har tilvist deg til EEG tar kontakt med deg når svaret på undersøkinga er klar.

Kontakt

  • Kontakt Nevrologisk poliklinikk Ålesund

    Oppmøtestad

    Vi held til i 1. etg. Når du kjem inn i hovudvestibylen tek du til høgre rett fram, inn glasdøra og så til venstre. Du finn oss på høgre hand i korridoren.
    Følg skilting.

  • Kontakt Nevrologisk poliklinikk Molde

    Oppmøtestad

    Poliklinikken er lokalisert både i 5. etasje ved Molde sjukehus og i underetasjen ved det gamle sjukehotellet, adresse Bjørnstjerne Bjørnsonsvei 45-47.