Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

MR av hovudet

Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.

MR-undersøking av hovudet gjer vi ved mistanke om sjukdom eller skade, eller ved kontroll av kjente tilstandar hovudet. Undersøkinga kan vere aktuell ved utgreiing av ei rekke tilstandar. 

Tilvising og vurdering

Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.  

Tannlegar kan tilvise til MR, og kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i forbindelse med muskel- og skjelettplager. 

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

MR-sjekkliste må alltid fyllast ut.

MR-sjekkliste ligg i journalsystemet som dei ulike fastlegekontora brukar når dei send elektronisk tilvising. Tilvisinga kan også skrivast ut og sendes på papir.
For dei som ikkje har denne molegheita, så finn du papirtilvisinga her:
Tilvising for Molde og Kristiansund
Tilvising for Volda
Tilvising for Ålesund

Ved mangel av sjekkliste blir det sendt purring til tilvisande lege. Tilvisinga bli liggande på vent og pasienten får ikkje time før vi har mottatt sjekklista.

Viktige punkt i sjekklista:

  • Ein må presisere om pasienten har implantat eller framandlekamar i kroppen. Dette for å tilpasse undersøkinga for pasienten og velge rett prosedyre for å oppnå nødvendige bilete og god kvalitet.
  • Pasientvekta må fyllast ut. Det er viktig å vite med tanke på om undersøkinga kan utførast i forhold til plassen i sjølve maskina. Undersøking av overvektige pasientar krev noko meir tid og det kan vere nødvendig å gjere spesielle biletopptak.
  • eGFR må fyllast inn. Denne må vere av nyare dato.
  • Har pasienten ventrikuloperitoneal shunt skal dette noterast i sjekklista. Enkelte shunt må kontrollerast av nevrologisk avdeling etter undersøkinga.

Annan viktig informasjon:

  • For alle pasientar som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilvist til MR-undersøking.
  • Vi treng å vite om pasienten har klaustrofobi. Dette for å tilrettelegge undersøkinga best mogleg for pasienten.
    Ved kraftig klaustrofobi kan det vere nyttig at pasient og tilvisar snakkar saman om bruk av beroligande legemiddel før undersøkinga.
  • Det er nødvendig med gode kliniske opplysingar om pasientens sjukdom.
  • Merk tilvisinga med kor mykje undersøkinga hastar ("utgreiing", "snarleg undersøking")
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må dette skrivast i tilvisinga. Og kva språk pasienten snakkar.

Før

Informasjon om eventuelle førebuingar blir gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

Førebuing heime

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:

  • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
  • Tatoveringar
  • Er gravid

Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.

Tannprotesar kan gi forstyrring i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

Ved hovudundersøkingar må du unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall (shimmer) som kan gi forstyrringar på bileta. Dette gjeld spesielt undersøkingar av augeholen.

Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

Om du ammar ber vi om at du kontaktar radiologisk avdeling.

Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.
Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Ei plastnål (venekanyle) vert lagt inn i ei blodåre i.

Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg mindre enn 30 dagar før undersøkinga.

Under

Under undersøkinga ligger du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligger med hovudet eller beina først avhengig av kva for område på kroppen du skal undersøke. Det vi skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligger heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved MR-undersøkinga blir hovudet plassert i ein form, med mogelegheit til å sjå ut. Denne er nødvendig for å kunne lage MR bileta. 

Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.

Undersøkinga tar omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kommer på avdelinga. 

Når bileta blir tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og evt. komme inn i rommet kor du ligger. 

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR sjekklista gjelder også for pårørande som skal vere i rommet. 

Gjer det vondt? 

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille. 

Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over. 
 


 

Etter

Dersom du er innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Viss ikkje kan du reise rett heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølve.

Resultatet av undersøkinga 

Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lager ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Kontakt